BARK (Barnas Røde Kors) vart starta opp i mai 2004 for 2.-4. klasse og seinare utvida til 7. klasse.

Blant dei viktigaste oppgåvene i vårt samfunn er trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge. Dei fleste barn og unge i Noreg har i dag trygge og gode økonomiske kår, økonomisk velstand er likevel ikkje einsbetydande med å ha det godt. Me i BARK ynskjer å bidra til ein trygg og god kvardag.
Målet med gruppene er at barn uansett økonomisk og sosial bakgrunn skal ha moglegheit til å få eit spennande tilbod med organiserte aktivitetar.

Barnas Røde Kors på Stord er eit gratis aktivitetstilbod.
Aktivitetane kan vera: førstehjelp, turar ute i skog og mark, besøk på brannstasjonen eller ein gard, samarbeid med redningshundane, hobbykveldar, matlaging og ellers ulike Røde Kors tema.
Aktivitetane varierar gjennom året og borna får ein aktivitetsplan kvart halvår.


AKTIVITETSKALENDER


Obligatoriske kurs for frivillige i Røde Kors:
– Introduksjon til Røde Kors
– Grunnkurs Psykososial Førstehjelp
– Norsk Grunnkurs Førstehjelp


Kunne dette være noko for barnet ditt eller kunne du tenkt deg å være frivillig? Ta kontakt, me treng deg!

BARK Leiar: Rannveig Sele, tlf. 481 97 380

ev. hjelpeleiar: Elisabeth Ånensen, tlf. 926 94 208