Bjarne Gundersen
Leiar: 1948-1949
Då Stord Røde Kors blei stifta vart Bjarne satt inn som formann fram til dei fant nokon som kunne ta jobben. Han satt som formann frå oktober 1948 til april 1949.
Gerhard Haugland
Leiar: 1949-1977
Ved det fyrste årsmøtet, vart Gerhard valgt som formann i Stord Røde Kors. Han satt som formann i heile 28 år og var med å bygge opp Stord Røde Kors etter krigens dagar.
- Norges Røde Kors Fortjeneste medalje
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Bredo Larsen
Leiar: 1977-1986 og 1993-1996
Bredo har sete som formann i to ulike periodar. Tilsaman har han vore formann for Stord Røde Kors i 12 år.
- Norges Røde Kors Fortjeneste medalje
- Æresmedlem Hordaland Røde Kors
- Hordaland Røde Kors Fortjeneste medalje
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Erling Andsjøen
Leiar: 1986-1993
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Gunhild Johansen
Leiar: 1996-2002
Gunhild var Stord Røde Kors si fyrste kvinnelege formann i 1996.
Ho har vore aktiv i både Besøkstjenesta, Barnehjelpen og Barnas Røde Kors.
- Hordaland Røde Kors Omsorg Fortjeneste medalje
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Jan Dagfinn Vik
Leiar: 2003-2012 og 2020-2021
Jan Dagfinn starta sin karriere i Stord Røde Kors i Hjelpekorpset i 1979, der han også var leiar ein periode. Seinare starta han i Omsorg og har sete som leiar for Besøkstjenesten i mange år. Har også vore Leksehjelpar.
Jan Dagfinn har vore i Distriktsrådet Omsorg, og har sete som lokalforeningsleiar i Stord Røde Kors i to omgangar.
- Hordaland Røde Kors Omsorg Fortjeneste medalje
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Anne Kvalheim
Leiar: 2012-2019
Anne vart med i Stord Røde Kors i 1992. Ho har vært svært aktiv i alle gruppene som Omsorg har. Ho er aktivt med i Barnas Røde Kors, Besøkstjenesta, Migrasjon og er leiar for Barnehjelpen der dei mellom anna har arrangert aktivitetar for personar med utviklingshemming i over 20 år.
Anne har også vore med på Ferie For Alle og har sete på distriktet som både medlem og vara for leiar i Distriktsrådet Omsorg.
Ho har vært nestleiar i lokalforeninga, før ho satt 7 år som leiar i Stord Røde Kors.
- Hordaland Røde Kors Omsorg Fortjeneste medalje
- Norges Røde Kors Fortjeneste diplom m/ Nål
Maja Husby
Leiar: 2019-2019
Maja var med i Stord Røde Kors Ungdom i fleire år, her var ho også leiar ein periode.
Etter ein pause, kom ho tilbake og blei aktivt med i Omsorg og Hjelpekorpset.
I 2019 overtok Maja som leiar i lokalforeninga, men etter eit halvt år måtte ho diverre trekkje seg frå vervet.
Rannveig Sele
Leiar: 2019-2020 og 2021-2022
Rannveig starta i Barnas Røde Kors i 2016, der ho to år seinare vart leiar. Ho har også vore aktivt med i RØFF, Røde Kors Ungdom, Ferie For Alle, Migrasjon, Barnehjelpen og styrearbeid, både på lokalt og distriktsnivå. I 2017 vart ho styremedlem og overtok som leiar etter Maja i 2019. Året etter var ho nestleiar, før ho igjen steg inn i rolla som leiar for lokalforeninga.
Etter to periodar som leiar, måtte Rannveig diverre trekkje seg frå vervet, men er framleis aktivt med i organisasjonen.