RØFF – Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv

RØFF er eit gratis tilbod til ungdom frå 13-17 år med fokus på friluftsliv og førstehjelp.

Ungdommane i RØFF får livsviktig kunnskap om førstehjelp og ferdsel i naturen, slik at dei kan hjelpa venner og familie om uhellet skulle vera ute. Det er også ein fin arena for dei som ynskjer eit spennande og aktivt fritidstilbud.

Ein vei inn i hjelpekorpset
Kva som skal skje i RØFF Stord er mykje opp til deltakarane, fordi RØFF fyrst og fremst skal drivast av medlemma sjølv. Det er sjølvsagt vaksne veiledera som hjelp til, men det er ungdommane som bestemmer kva RØFF skal vera for dei.
RØFF ligg under hjelpekorpset og mange RØFF-ara vert rekruttert til hjelpekorpset når dei er gamle nok.

Døme på aktivitetar:
– Førstehjelp
– Lære å lage bål
– Lære å lage gapahauk 
– Lære kart, kompass og GPS
– Lære riktig bruk av klær og utstyr
– Fisking
– Overnattingsturar
– Leirar
– Øvelsar med hjelpekorpset

 

AKTIVITETSKALENDER

 

Obligatoriske kurs for frivillige i Røde Kors:
– Introduksjon til Røde Kors
– Grunnkurs Psykososial Førstehjelp
– Norsk Grunnkurs Førstehjelp

 

Kunne dette vera noko for deg, enten som frivillig eller som deltaker? Ta kontakt!

RØFF Leiar: Elisabeth Ånensen, tlf. 926 94 208
ev. hjelpeleiar: Rannveig Sele, tlf. 481 97 380