Hjelpekorpset vart starta 30. Januar i 1950, og første formann var Charles Olsen. I 1959 bygde Hjelpekorpset hytte i Kvelve på Stordafjellet etter stor innsats av medlemmene. I 1952 fekk Stord Røde Kors i gave frå NRK (Norges Røde Kors) bygningen på Stovegolvet, som var fast stasjon i mange år.
Lundarstøl leigde Hjelpekorpset i mange år der dei hadde vintervakter og utleige. 
I 1983 vart navnet endra til Stord og Fitjar Røde Kors Hjelpekorps.
Depot og møterom var i Jens Hystad kjelleren i starten. ? I 1972-2005 hadde hjelpekorpset deopt og møterom i Turnhallkjellaren. Så vart det på Vabakkjer i nokre år og fra slutten av 2017 har deg vore på Fjellgardane Grendahus. Hjelpekorpset har i dag ei aktiv gruppe som held kurs, deltar på sanitetsvakter ved idrettsarrangement og andre tilstellinger, kurser nye medlemmer, deltar på aksjonar og øvelser og på lokalfireningen sine stand og innsamlingsaksjonar.

Tidligare formenn/leiarar:

  • Charles Olsen
  • Otto Vik
  • Bjarne Gundersen
  • Arne Dahl
  • Johs Lekven
  • Ottar Baugstø
  • Olaf Strømø
  • Rune Danielsen
  • Asbjørn Grov
  • Jan Dagfinn Vik
  • Hans Christian Junge?
  • Harald Bore jr.
  • Bjørn Eriksen
  • Egil Holmedal
  • Jan Agdestein
  • John Egil Nesse
  • Alf Magne Tveit
  • Anita Halstensen
  • Roger Mehammer
  • Astrid Låte
  • Tommy Ling
  • Lena Førland
  • Jørgen H.M. Pedersen
  • Julie Log (noverande leiar)